I mitt 19 år lange liv har eg fått vite korleis livet egentlig er. Eg har vert med på mange opptura, men eg har og hatt nok av nedtura i livet mitt. Eg må sei at oppi det heile har eg vert heldig. Eg har fått lov å vokse opp i ein trygg heim der mamma, pappa og dei tre brødrene mine Gard, René og Trym har vist mykje kjærligheit. Eg har fått ein god oppvekst der mamma og pappa har gitt meg gode råd og tips. Men dei har og lært meg ka som er viktig i livet, nemlig familie og det å vere frisk. For det å vere frisk er ikkje noken sjølvfølge. 

Mamma døydde av kreft da eg berre var 12 år gammal. Det å vere frisk var noke pappa alltid sa til meg var viktigast. Så lenge vi var friske og fine, så hadde vi eit ganske så godt liv. Sjukdomsperioden til mamma varte rundt 8 månedar, men det kjentes ut som fleire år. Eg prøvde å tenke på meg sjøl, men det var ikkje det viktigaste. Mamma måtte ha det bra og føle seg som den vakraste i verden sjølv om ho hadde den jævla sjukdommen. Eg følte at verden min rasa sammen den dagen eg fekk vite at mamma var død. Sjølv om eg visste på forhånd at detta kom til å gå ein veg, så hadde eg alltid trua. 

 

Eg tok det tungt, og eg var ganske langt nede i kjellaren. Men eg sto på to føtter og kom meg igjennom åra med smerte og sorg etter mamma. I den perioden lærte eg pappa å kjenne og. Eg og han blei etterkvart bestevenner, og det var ingen andre enn han eg kunne stole på. Vi to hadde det så uendelig bra i periodar, men kunne og ha diskusjona der vi blei sinte på kvarandre (smelling med dører blandt anna...) Men han var fortsatt pappaen min sjølv om vi ikkje var perlevenner i ny og ne. 

Pappaen min var eit forbilde for meg. Eg hadde stor respekt for han, og eg støtta han fullt ut i absolutt alt. Når pappa og verdens beste fadder, Frank spelte til dans, så var eg alltid der. Det var òg ekstra kjekt når dei spelte ein Åge Aleksandersen sang til meg sånn at eg kunne synge for full hals og danse til eg blei sår under beina. Eg kunne sjå opp på pappa at han kosa seg, og at detta var ein viktig del av livet hans. Han smilte og blunka til meg heile kvelden. Folk kom ofte bort til meg og spurte: "Du har jaggu ein dyktig pappa!" og eg svara tilbake at han ikkje berre var dyktig, men verdens beste pappa og. For det var han. Han var den beste i heile verden.

Så plutselig skulle livet ta enda ein brå vending. 19. August 2014 døydde pappaen min, 57 år gammal. Livet mitt rasa i sammen igjen. Det rakna heilt i sammen, og eg var så langt nede i kjellaren at eg trudde eg aldri i verden skulle komme meg opp igjen. Det var det verst tenkelige som kunne skje. Først mista vi mamma, og no skulle vi miste pappaen vår og. Eg har så mange spørsmål oppi håvet mitt, og eg ana ikkje kor eg skal begynne med å leite etter svar. 

Det var tungt. Det er enda tungt. Ein føle at ein ikkje klara å komme seg opp av kjellaren, eller at ein aldri ser lyset i enden av tunnelen. Eg var på eit tidspunkt da pappa levde meget lykkelig. Alt var rosenrødt og fint, og det var lenge sia eg hadde følt det sånn. Alt var så forbaska enkelt da. Eg kunne hoppe ut av senga klokka halv 6 om morgenen berre for å sitte med pappa ute på altanen og drikke kaffi og for å sjå på soloppgangen. Eg levde livet mitt fullt ut og hadde verdens beste sommar både ilag med han, kjæresten min, familien min og vennene mine. Eg følte eg hadde tid til alle nesten på ein gang, og eg køyrte land og strand rundt for å vere med dei som betydde masse for meg. Det var som om kroppen hadde fått ekstra energi. Men så skal livet ta denna brå vendingen, og ingenting er morsomt lenger. Du vil egentlig berre ligge i senga og sove vekk dagane. Du har ingenting å sjå fram til, og dagane går så uendelig sakte.

Eg huska du sa til meg, pappa, at du var så glad for at vi kunne prate om alt. At vi kunne finne på ting ilag og berre ha det kjekt. Vi kunne finne på å reise på lærekøyring (les råning) i Vik med Hellbillies på anlegget og køyre i fleire tima. Vi kunne sitte ein fredagskveld å ta oss ei øl og sjå fotballkamp som vi begge var utrulig interessert i. Du var klippa mi, grunnmuren min som holdt meg oppe fra alt, og no skal plutselig du vere vekke fra meg..? 

Men eg kom meg opp igjen på 2 føtter - IGJEN. Eg kjempa meg opp kjellaren. Tok eitt og eitt steg om gangen til eg omsider kom opp. Ein ting som mamma og pappa lærte meg, var og aldri gi opp uansett ka som skjer. Kjemp deg tilbake, fordi ein klara det. I sånne situasjona så merka du at kroppen tåle mykje meir enn du eigentlig trur. Eg har blitt utsett for mykje smerte, men alltid komme meg opp igjen like heil som før og på to bein. Eg og mine brødre har opplevd mykje dritt, men ein ting kan vi faktisk skryte på oss, og det e at vi e steintøffe. Vi tåle det meste, og det har vi vist gang på gang. Vi har blitt dratt ned i driten, men alltid komme oss opp igjen. Familien betyr mest, og klara ein å stå sammen, så kjem ein seg opp sammen. 

Eg har skrive detta innlegget så uendelig mange ganga, og tatt det vekk igjen. Egentlig fordi eg ikkje veit om eg klara å publisere det sånn at folk skal lese det. Men eg føle kanskje at kvar og ein har godt av å lese det. For i mitt liv har ikkje alt vert ein dans på roser, og det kjem heller aldri til å bli det. Eg vil at folk skal tenke at ein må ta vare på det ein har. Eg trudde eg skulle ha pappaen min og mammaen min i livet mitt til eg blei 40 år og hadde unga og var gift, men sånn skulle det ikkje bli. Eg skulle ønske pappa og mamma fekk oppleve å bli morfar og mormor, og at pappa fikk lov å følge meg opp til alters når den tiden hadde komme. For ein tenke ikkje over at sånne ting kan ramme seg sjølv i ein travel kvardag. Men alt kan skje, så eg håpa alle som lese detta tek vare på dei rundt seg. Fortell dei du e glad i kor mykje dei betyr for deg, og kor glad du e for at du har dei i livet ditt. For tru meg, ingenting e bedre enn det - ingenting e bedre enn å lyse opp dagen til ein anna person. Sett pris på dei dikka har rundt dikka, for dikka har dei ikkje for alltid. 


"The truth is you don't know what is going to happen tomorrow. Life is a crazy ride, and nothing is guaranteed."

♥ pappa ♥ 29.06.57 - 19.08.14
♥ mamma ♥ 15.01.63 - 17.04.08
Sov godt englane mine. Elska dikka.




Mammaen min ♥

«Gud har plukket blomster. Han så seg om og sa: «Den vil jeg ha... Og denne!» Jeg vet nok at det smerter, for dem som er igjen. Men jeg har mine planer, som bare jeg forstår, men kanskje noen aner, ettersom tiden går. At Gud er glad i blomster er både visst og sant. Nå har han atter plukket den fineste han fant.»

I dag vil eg gjerne dedikere et blogginnlegg til min kjære, fantastiske mamma. I dag e det 5 år siden ho døde av kreft berre 45 år gammal. Ka skal ein sei? Ord blir fattige i slike situasjona. Menneske som har opplevd det samme som meg veit ka eg snakka om. Å miste noken som stod deg alt for nær, e nok det værste som kan skje. Eg har opplevd å være i eit hus der eg hadde ei dødssjuk mamma, og som for det meste var dårlig og negativ. Ikkje negativ på ein slik måte at ho var sint, men ho var lei seg og oppgitt. Og det e lov når ein har ein sjukdom som ein veit kan ta knekken på ein, bokstavelig talt. Og det tok ikkje berre knekken på ho, det tok knekken på oss som satt igjen etter ho døde. Og det gikk såpass innpå meg, at eg slite med sorgen og savnet den dag i dag.

Eg våkna opp den 17. april 2008 med ein dårlig magefølelse. Noke var galt, men eg skjønte ikkje heilt ka det var. Men eg fikk raskt beskjed på koffor det var sånn. 03.40 på natta den 17.april 2008 døde min fantastiske, elskverdige mamma etter 8 måneders sjukdom. Å få ein sånn beskjed når ein e 12 år gammal, e tungt. Det var rett og slett så jævlig at eg klarte ikkje tenke. Alt eg ville, var å dø. Eg ville vekk, eg fikk ikkje puste. Alt blei svart. Det einaste eg tenkte på var at eg måtte komme meg på skulen. Eg måtte gå. Langt vekk. Ein plass der eg kunne skrike høgt.

Vel, eg reiste på skulen. Der blei eg møtt av ein million blikk som både var triste og oppmuntrande. Men herligheit, ka skal ein gjere i ein slik situasjon. Noken smilte da dei gikk mot meg og ga meg ein klem, mens andre berre stod og såg på meg. Eg fikk så mange varme og gode kommentara, og det hjalp meg mykje den dagen. Eg e og veldig overraska at eg klarte å være på skulen halve dagen uten å føle at eg skulle dø innvendig. Men da pappa kom heim, og eg såg han, så knakk eg i sammen. Eg klarte ikkje sjå på han uten at eg grein. Eg låg i armane hans i fleire minutt før eg klarte å sei noke. Det einaste eg klarte å få fram var: «Vi må holde sammen. I tjukt og tynt, okei? ALDRI forlat meg». Og ein ting e klart; hadde eg ikkje hatt pappa i denna tiden, så hadde meininga med livet ikkje vert ei meining i det heile tatt.



Det at ei jente på 12 år måtte hjelpe mammaen sin med alt, blei plutselig ikkje så unormalt lenger. Ho måtte av og til ha hjelp til å støtte seg i seng fordi ho nesten ikkje klarte å gå sjøl. Og ja, det va ei påkjenning mens detta foregikk. Det psyka meg sånn ned, at eg va deprimert i mange måneder både før og etter ho døde. Eg hadde så vondt i alle ledd og muskla i kroppen. Det va nesten slik at når ho døde, så datt mange kilo av meg. Dei berre forsvant, og eg blei plutselig mykje lettare. Men kroppen blei tyngre etterkvart, når eg begynte å holde ting inni meg. Eg ville ikkje grine, fordi eg meinte at å gråte, det va svakt. Men å være deprimert e ikkje et tegn på at ein e svak. Det betyr at ein ha vert sterk alt for lenge. Og ja, eg va sterk. Eg tør å påstå at eg e og har vært sterk. At ei jente på 12 år skal gå igjennom slikt faenskap, det e sjukt. Det e heilt forferdelig. Det skal ikkje være mulig.

Eg har hatt mange fantastiske venne som har støtta meg i den vanskelige tiden, og dikka veit kem dikka sjøl e. Eg ha hatt to fantastiske «besteforeldre» som har vert der for meg fra dag 1. Mine kjære brødre som eg e så ubeskrivelig glad i, takk for at dikka e dei dikka e. Eg føle meg så heldig som fikk ein utrulig fin barndom og oppvekst. Og eg får nesten daglig kommentara at eg e så lik mamma. Og det varma hjertet mitt. At noken seie at «Oi! No ligna du på mordi!» det e dei beste kommentarane eg kan få. Det e heilt fantastisk. For eg vil bli sånn som mamma. Snill fra bunnen av hjertet, fantastisk og å oppmuntre alle andre. For mammaen min va heilt utrulig. Sjøl om eg kanskje ikkje huska ho så godt som eg burde, så fikk eg 12 fine år med ho. Og eg ville aldri bytta ut mamma med noken andre. Det e heller ingen som kan ta plassen til mamma, uansett kor hardt dei prøve. For meg e det berre ei mamma, og det e mi kjære Adelheid. MI mamma.



Eg fikk oppleve å bli voksen ganske fort. Fra å være eit lite barn på 12 år som gikk i 7.ende klasse, til å bli ei voksen dame, det e ganske utrulig. Eg opplevde ting på 8 måneder som ingen burde. For det knekte meg bokstavelig. Eg hadde 8 måneder med helvete, men eg fekk og lære at livet e så verdifullt som ein kan få det. Dikka ana det ikkje. Eg lærte og at ein må ta vare på det man har, for det har man ikkje for evig. Eg seie alltid til pappa at eg e glad i han på meldinga kvar einaste kveld før eg legge meg. Det e viktig for meg å vise folk at eg bryr meg om dei. For ein veit aldri, plutselig ein dag, så e kanskje ikkje pappa der. Og da vil eg at han skal vite at eg e glad i han. For eg fikk aldri sagt til mamma at eg va glad i ho før ho døde. Noke av det siste mamma sa før ho døde va at: «Når du går ute, og du kjenne vinden ruske deg i nakken, så e det berre meg som gir deg ein god klem.»

Eg såg mamma for siste gang den 13 april 2008. Lite visste eg at det kom til å bli den siste gangen eg skulle sjå og gi ein klem til mamma for siste gang. Eg kjem aldri til å få oppleve mamma igjen, og det drepe meg innvendig. Det gjer så vondt å snakke om, og det gjer vondt å tenke på. Tanken på at eg aldri skal få holde rundt ho meir og gi ho ein klem, eg føle tårene pressa på når eg skrive detta, for det e så vondt. Hjertet mitt gjer vondt, og eg ha berre lyst å grave meg ned i senga og grine alt eg kan. Hadde eg berre kunne fått ein dag til med mamma, så skulle eg bevist for ho at ho va verden min. Men eg håpa og at ho visste det. Verden rasa sammen når eg måtte sei hade til mamma. Det va heilt grusomt å forlate mammaen min på den måten. Eg fekk heldigvis gitt ho eit smykke som ho hadde på seg når ho døde.

I bisttelsen hennas, så fikk vi sagt hade på ein fin måte. Kista va pynta med blå nellika (som da e hennas favorittblomstra og favorittfarge). Vi hadde 5 kvite nellika inni eit stort, blått hjerte som var fra meg, Gard, René, Trym og lille Emily. Det at eg fikk velge korleis blomstrane skulle sjå ut, det var stort for meg. For da fikk eg oppfylt hennas ønske. Ho ville ha blå blomstra. Helst nellika, og det oppfylte eg. Sangen vår «Gabriellas sång» får meg enda til å grine. Den hadde vi i bisettelsen, og vi høyrte masse på den før ho døde. Den sangen der har blitt vår sang, og det kjem den alltid til å være. Sjøl om eg grine ein heil foss når eg høyre på den, så e den likevel så fantastisk fin.




Det at eg skrive detta her på ein åpen blogg, e fordi folk skal få eit innblikk korleis det e og være snart 18 år og ha levd 5 år uten ei mamma. Å ha vokst opp uten ei mamma gjer vondt. Det e mangen som spør meg korleis eg har det, og korleis det går med meg. Men vil dikka vita korleis eg har det? Eg har det overraskande bra. Fordi eg har verdens beste familie, verdens herligaste «besteforeldre» og verdens mest fantastiske venne som støtta meg når eg har det vanskelig. Eg e aldri aleine, og det e så fantastisk deilig. Det e fantastisk å vite at ein har noken som bryr seg om meg. Og det å vite at eg kan komme heim på fredagane og velte ned i fanget til pappa og snakke ut om alt med han, det e så deilig.

Eg savna mammaen min kvar dag, og eg tenke på ho jamvel nesten kvar dag og. Ho va den personen som lærte meg å ta vare på livet. Ho va den som lærte meg at i tunge stunde, så har ein alltid noken. Og ja, eg va der alltid for ho. Og ho va der alltid for meg. Eg va så heldig. Så grådig heldig! Eg e så glad for at eg fikk 12 år med verdens vakraste mamma. Og mamma? Eg elska deg. Til månen og tilbake. Du e verdens finaste engel i himmelen, og eg veit du ser på meg kvar dag. Takk for at du va den du va. Tusen takk for alt du ga meg, både positive og negative ting. Takk for alt, kvil i fred <3 









Frie Sunniva Haugen




20 år, Aurland. Livsnyter til de grader.


Legg meg til som venn




Arkiv


· September 2015 · Januar 2015 · November 2014 · April 2013 · Desember 2012 · Mai 2012



Kategorier


· Hverdag · Love · Tanker



Søk i bloggen




Linker


· blogg.no · Få din egen blogg!



Design







Denne bloggen er personlige ytringer fra utgiver av bloggen. All bruk av bilder, tekst eller video fra bloggen må avtales med bloggens ansvarlige utgiver.
Bloggen ligger på
blogg.no og annonser på bloggen selges av Mediehuset Nettavisen. Ansvarlig redaktør for Mediehuset Nettavisen er Gunnar Stavrum.

hits