Eg har rukke å blitt 20 år. 20 år og snart 5 måneder. For 7 år siden, da eg berre var 12 år - mista eg mammaen min. Eg lærte å leve med at mamma ikkje var med oss lenger. Eg gjekk eit og eit skritt opp fra kjellaren til eg endelig såg dagslys. Men lynet kan slå ned samme plass to ganga. For i fjor i August døydde pappaen min av eit hjerteinfarkt. Eit stort eit. Det gjekk visst fort - det e iallefall det eg håpa på. Brått blei eg, ei "lita" jente på 19 år foreldrelaus. Mine brødre på 27, 29 og 31 blei og foreldrelause. Før det hadde vi mista både besteforeldre på mamma si side og pappa si side i kreft. Så vi satt mange ganga og lurte på koffor detta skulle ramme oss. 

Eg hugsa ikkje så veldig mykje av da mamma døydde. Eg har noken få glimt der eg kan hugse ho va på sjukehuset og tok dialyse, ellers hugsa eg ikkje så veldig mykje meir. Eg hugsa ikkje mykje av sorgperioden min heller, men eg hugsa eg hadde god hjelp fra min fantastiske pappa. Han tok seg av meg, og passa på at vi alle hadde det bra. Åra gjekk, og eg og pappa blei etter kvart gode venne. Vi prata om absolutt alt ilag, og eg kunne dele alt med han. Mi va bestevenne til tider, men vi kunne og vere "uvenna" der vi krangla og styrte på. Det skal ikkje alltid vere lett, men eg veit pappa at kranglinga ikkje va di skyld. Eg veit og at det ikkje va mi skyld. Du og eg veit sannheiten, og godt e det.

På lørdag arrangerte vi i familien ein minnekonsert for pappa. Der var det mange aktørar som var med å spelte. Pappaen min var kulturskulerektor og dirigent for korps og kor i den lille, men fine bygda Vik. Han var godt likt av mange, om ikkje alle, og va ein fantastisk mann som arrangerte mykje flotte musikkstykke. Konserten var så utrulig fin. Gard spelte gitar, René spelte keyboard mens Trym hadde laga ein fantastisk nydelig sang til pappa som dikka kan sjå HER. Mens eg laga ein video til minne for vår elskede pappa. Eg e veldig glad for at vi gjennomførte konserten, og eg trur nok pappa hadde vore fornøgd han og.

Men det blir mykje snakk etterpå. Mykje godt, og litt dårlig. For å oppsummere: Vi i familien og andre arrangørar av konserten laga til konserten for pappa for å gi tilbake til han. Han gjorde så utrulig mykje for musikklivet i Vik - mykje meir enn det han faktisk va tilsett i. Så koffor skulle ikkje vi gi tilbake til han da? Denna konserten hadde pappa uansett fortjent, om han hadde vore i live eller i himmelen. Pappa fortjente alt godt - tenk på det.

Vi har fått mykje oppmerksomheit rundt detta. Min storebror Trym har vel fått mest for sangen sin om pappa. Og det kan irritere noken. Men prøv heller å vere glade på våres vegne. Vi har mista foreldrene våre, og vi prøve så godt vi kan å komme oss igjennom ein hard kvardag. Eg e berre 20 år og må leve heile livet mitt uten mamma og pappa. Om det e synd i meg e både og, det kjem heilt an på korleis vinkel du ser det fra. Personlig synes eg det e trasig at eg aldri meir skal få kunne komme heim til pappa meir å få servert biff og fløytegratinerte potete. Eg syns det e trasig å ikkje kunne klemme pappaen min og mammaen min meir. At vi kunne vere ein familie ilag alle 6. Men det e sant det noken seie, at det ikkje berre e vi som har det sånn. Det finnes mange rundt om som og har mista foreldra sine. Mange som leve i ein sorg som e uutholdelig. Og eg kan faktisk sette meg inn i situasjonen deiras - for eg har vore igjennom den før. 

Vi kan ikkje styre folk i å dele ting på Facebook, Twitter eller andre sosiale media. Det e heilt opp til folk om dei vil dele det dei vil. Og ja, mange dela absolutt alt mulig - men eg e stolt over at eg ha så mange menneske rundt meg som bryr seg om både meg og mine brødre. For meg e det viktig å ta vare på menneske som bryr seg om meg, og heller resirkulere boss i bosskorga. Eg ha så mange flotte folk rundt meg, og det e eg glad for. Tusen hjertelig takk for alle som har sendt så nydelige meldinga til oss, dikka e gull verdt. Og til dikka som synes detta blei too much: lev med det. Det e vårt liv - vi leve det fullt ut. 

TIPS: Smil til verden, og kaanskje, men berre kanskje, så smile verden tilbake til deg.



 






Ditt navn her




20 år, Aurland. Livsnyter til de grader.


Legg meg til som venn




Arkiv


· Oktober 2015 · September 2015 · Januar 2015 · April 2013 · Desember 2012 · Mai 2012



Kategorier


· Hverdag · Love · Tanker



Søk i bloggen




Linker


· blogg.no · Få din egen blogg!



Design







Denne bloggen er personlige ytringer fra utgiver av bloggen. All bruk av bilder, tekst eller video fra bloggen må avtales med bloggens ansvarlige utgiver.
Bloggen ligger på
blogg.no og annonser på bloggen selges av Mediehuset Nettavisen. Ansvarlig redaktør for Mediehuset Nettavisen er Gunnar Stavrum.

hits