I mitt 19 år lange liv har eg fått vite korleis livet egentlig er. Eg har vert med på mange opptura, men eg har og hatt nok av nedtura i livet mitt. Eg må sei at oppi det heile har eg vert heldig. Eg har fått lov å vokse opp i ein trygg heim der mamma, pappa og dei tre brødrene mine Gard, René og Trym har vist mykje kjærligheit. Eg har fått ein god oppvekst der mamma og pappa har gitt meg gode råd og tips. Men dei har og lært meg ka som er viktig i livet, nemlig familie og det å vere frisk. For det å vere frisk er ikkje noken sjølvfølge. 

Mamma døydde av kreft da eg berre var 12 år gammal. Det å vere frisk var noke pappa alltid sa til meg var viktigast. Så lenge vi var friske og fine, så hadde vi eit ganske så godt liv. Sjukdomsperioden til mamma varte rundt 8 månedar, men det kjentes ut som fleire år. Eg prøvde å tenke på meg sjøl, men det var ikkje det viktigaste. Mamma måtte ha det bra og føle seg som den vakraste i verden sjølv om ho hadde den jævla sjukdommen. Eg følte at verden min rasa sammen den dagen eg fekk vite at mamma var død. Sjølv om eg visste på forhånd at detta kom til å gå ein veg, så hadde eg alltid trua. 

 

Eg tok det tungt, og eg var ganske langt nede i kjellaren. Men eg sto på to føtter og kom meg igjennom åra med smerte og sorg etter mamma. I den perioden lærte eg pappa å kjenne og. Eg og han blei etterkvart bestevenner, og det var ingen andre enn han eg kunne stole på. Vi to hadde det så uendelig bra i periodar, men kunne og ha diskusjona der vi blei sinte på kvarandre (smelling med dører blandt anna...) Men han var fortsatt pappaen min sjølv om vi ikkje var perlevenner i ny og ne. 

Pappaen min var eit forbilde for meg. Eg hadde stor respekt for han, og eg støtta han fullt ut i absolutt alt. Når pappa og verdens beste fadder, Frank spelte til dans, så var eg alltid der. Det var òg ekstra kjekt når dei spelte ein Åge Aleksandersen sang til meg sånn at eg kunne synge for full hals og danse til eg blei sår under beina. Eg kunne sjå opp på pappa at han kosa seg, og at detta var ein viktig del av livet hans. Han smilte og blunka til meg heile kvelden. Folk kom ofte bort til meg og spurte: "Du har jaggu ein dyktig pappa!" og eg svara tilbake at han ikkje berre var dyktig, men verdens beste pappa og. For det var han. Han var den beste i heile verden.

Så plutselig skulle livet ta enda ein brå vending. 19. August 2014 døydde pappaen min, 57 år gammal. Livet mitt rasa i sammen igjen. Det rakna heilt i sammen, og eg var så langt nede i kjellaren at eg trudde eg aldri i verden skulle komme meg opp igjen. Det var det verst tenkelige som kunne skje. Først mista vi mamma, og no skulle vi miste pappaen vår og. Eg har så mange spørsmål oppi håvet mitt, og eg ana ikkje kor eg skal begynne med å leite etter svar. 

Det var tungt. Det er enda tungt. Ein føle at ein ikkje klara å komme seg opp av kjellaren, eller at ein aldri ser lyset i enden av tunnelen. Eg var på eit tidspunkt da pappa levde meget lykkelig. Alt var rosenrødt og fint, og det var lenge sia eg hadde følt det sånn. Alt var så forbaska enkelt da. Eg kunne hoppe ut av senga klokka halv 6 om morgenen berre for å sitte med pappa ute på altanen og drikke kaffi og for å sjå på soloppgangen. Eg levde livet mitt fullt ut og hadde verdens beste sommar både ilag med han, kjæresten min, familien min og vennene mine. Eg følte eg hadde tid til alle nesten på ein gang, og eg køyrte land og strand rundt for å vere med dei som betydde masse for meg. Det var som om kroppen hadde fått ekstra energi. Men så skal livet ta denna brå vendingen, og ingenting er morsomt lenger. Du vil egentlig berre ligge i senga og sove vekk dagane. Du har ingenting å sjå fram til, og dagane går så uendelig sakte.

Eg huska du sa til meg, pappa, at du var så glad for at vi kunne prate om alt. At vi kunne finne på ting ilag og berre ha det kjekt. Vi kunne finne på å reise på lærekøyring (les råning) i Vik med Hellbillies på anlegget og køyre i fleire tima. Vi kunne sitte ein fredagskveld å ta oss ei øl og sjå fotballkamp som vi begge var utrulig interessert i. Du var klippa mi, grunnmuren min som holdt meg oppe fra alt, og no skal plutselig du vere vekke fra meg..? 

Men eg kom meg opp igjen på 2 føtter - IGJEN. Eg kjempa meg opp kjellaren. Tok eitt og eitt steg om gangen til eg omsider kom opp. Ein ting som mamma og pappa lærte meg, var og aldri gi opp uansett ka som skjer. Kjemp deg tilbake, fordi ein klara det. I sånne situasjona så merka du at kroppen tåle mykje meir enn du eigentlig trur. Eg har blitt utsett for mykje smerte, men alltid komme meg opp igjen like heil som før og på to bein. Eg og mine brødre har opplevd mykje dritt, men ein ting kan vi faktisk skryte på oss, og det e at vi e steintøffe. Vi tåle det meste, og det har vi vist gang på gang. Vi har blitt dratt ned i driten, men alltid komme oss opp igjen. Familien betyr mest, og klara ein å stå sammen, så kjem ein seg opp sammen. 

Eg har skrive detta innlegget så uendelig mange ganga, og tatt det vekk igjen. Egentlig fordi eg ikkje veit om eg klara å publisere det sånn at folk skal lese det. Men eg føle kanskje at kvar og ein har godt av å lese det. For i mitt liv har ikkje alt vert ein dans på roser, og det kjem heller aldri til å bli det. Eg vil at folk skal tenke at ein må ta vare på det ein har. Eg trudde eg skulle ha pappaen min og mammaen min i livet mitt til eg blei 40 år og hadde unga og var gift, men sånn skulle det ikkje bli. Eg skulle ønske pappa og mamma fekk oppleve å bli morfar og mormor, og at pappa fikk lov å følge meg opp til alters når den tiden hadde komme. For ein tenke ikkje over at sånne ting kan ramme seg sjølv i ein travel kvardag. Men alt kan skje, så eg håpa alle som lese detta tek vare på dei rundt seg. Fortell dei du e glad i kor mykje dei betyr for deg, og kor glad du e for at du har dei i livet ditt. For tru meg, ingenting e bedre enn det - ingenting e bedre enn å lyse opp dagen til ein anna person. Sett pris på dei dikka har rundt dikka, for dikka har dei ikkje for alltid. 


"The truth is you don't know what is going to happen tomorrow. Life is a crazy ride, and nothing is guaranteed."

♥ pappa ♥ 29.06.57 - 19.08.14
♥ mamma ♥ 15.01.63 - 17.04.08
Sov godt englane mine. Elska dikka.


  


Navn:
Husk meg?
E-post:

Bloggadresse:

Kommentar:




Dette designet er laget av http://katrineaastorp.blogg.no




Ditt navn her




21 år, Aurland. Livsnyter til de grader.


Legg meg til som venn




Arkiv


· Oktober 2015 · September 2015 · Januar 2015 · April 2013 · Desember 2012 · Mai 2012



Kategorier


· Hverdag · Love · Tanker



Søk i bloggen




Linker


· blogg.no · Få din egen blogg!



Design







Denne bloggen er personlige ytringer fra utgiver av bloggen. All bruk av bilder, tekst eller video fra bloggen må avtales med bloggens ansvarlige utgiver.
Bloggen ligger på
blogg.no og annonser på bloggen selges av Mediehuset Nettavisen. Ansvarlig redaktør for Mediehuset Nettavisen er Gunnar Stavrum.

hits